HOVEDSIDE STYRET AKTIVITETAR PRESSE KONTAKT

 

 

Nordmøre spelmannslag med jubileums-CD!

Nordmøre spelmannslag var 80 år 27. februar 2012, og er truleg blant dei aller eldste spelmannslaga som er aktive. Laget har spelt inn CD som var lansert under Fylkeskappleiken i Surnadal. CD-en har ca. 60 min. musikk fordelt på 24 melodiar, frå dansemusikk til salmetonar. Plata er såleis tenkt for folk flest - ikkje berre for folkemusikkinteresserte. CD-en er til salgs hos medlemmane i spelmannslaget, etter kvart i butikkar og på nettbutikk på desse sidene. 

Innhaldet på CD-plata - klikk for å høyre lydklipp:

Vals etter Erik Husby 

Rindalsreinlender

Gammel-Halsin

Gammal visetone

Geilhaugvalsen

Dullerutten

Haltvikskotsk

Guds sønn har gjort meg fri

Fra verden du mig til himmelen fører

Mollvals etter Nils Husby

Gravemsreinlender

Masurka etter Holger Aresvik

Hoppvals ette na mor

Bruramarsj frå Straumsneset

Skottenes hjemve

Lappekongens polka

Grølileikjen

Haltvikvals

Berven

Reinlender etter Ola Brekkan

Vals etter Knut Haugnesa

Bruramarsj frå Tingvoll

Bansull etter Gjertine Lindås

Sulla lulla lite ban

 

Kjøp CD på nettbutikken!

 


Nordmøre spelmannslag si LP-plate frå 1983 er digitalisert!

CD-utgåva av den gamle LP-plata frå 1983 er i salg.
Ta gjerne kontakt direkte med oss, eller kjøp i nettbutikken!

 

 

 


 


Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal 2012

Nordmøre spelmannslag takkar alle for deltaking ved Fylkeskappleiken 2012 i Surnadal. Stor takk til dommarane for stødig og god innsats, alt som frivillig kulturarbeid! Dommarar på kappleiken har vore Sverre Bjørkås, Bent Jacobsen, Torill Aasegg, Eli Gulla, Marit Ness og Erling Flem.

Nordmøre spelmannslag fekk femte og siste plass i lagspel med komp - gruppa Brechans fekk 3. plass i klasse  gruppe med komp. Les  kappleiksresultata her!

 


Jubileumskonsert i Surnadal kulturhus 21.04.2012

Foto frå jubileumskonserten i Surnadal kulturhus - Frå venstre: Nordmøre spelmannslag, Brechans spelar Dullerutten, Nordmøre spelmannslag og Gro Kjelleberg Solli.

 


Nordmøre spelmannslag har ei historie som strekkjer seg attover til mellomkrigsåra.
Det opprinnelege Nordmøre spelmannslag vart danna 27. februar 1932 i Kristiansund,
etter initiativ frå Sigurd Øverås. Laget fyller dermed 80 år i år. 
Les meir ...

Sjå foto av laget frå 1932 ved å dra musepekar over fotoet til venstre.

Du kan melde deg som medlem i organisasjonen. Kontingenten er kr. 300,-,
som også inkluderer medlemsskap iLandslaget for spelemenn og Møre og Romsdal folkemusikklag.
Du får også Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal.
Meld deg som medlem her!

Nordmøre spelmannslag består av enkeltutøvarar og ulike grupper, i tillegg til samspel med heile laget. 
Spelmannslaget øver på Halsa, men har somme øvingar rundt i heimkommunane til dei som er med.

Sjå øvingsplanen her!

Dersom du ønskjer å delta som aktiv utøvar i spelmannslaget, ta kontakt med musikalsk leiar Helge Husby.

 


Hjelp til felestemming!

Her kan du få hjelp til å stemme fela - pass på at lyden er på (høgtalarsymbolet nede til høgre), internt i PC-en, eller på eksterne høgtalarar.  

E-strengen

A-strengen

D-strengen

G-strengen



Webdesign: Fosna kulturverkstad

www.fosnakultur.no