HISTORIKK
Fylkeskappleiken 2011 - Valldal
Nordmøre spelmannslag til topps med desse slåttane:
* Gravemsreinlender
* Masurka etter Holger Aresvik
Arrangørlaget Valldal spelemannslag kom på andreplass, medan Spelmannslaget Dåm og drag tok tredjeplassen. I alt deltok 11 lag.
Spelmannspris til Unni Boksasp!
Spelmannsprisen (den ekte, for folkemusikk) gjekk i år til Unni Boksasp Ensemble, Straumsnes og Nordmøre spelmannslag! Unni har vore trufast medlem i Normøre spelmannslag gjennom fleire år. Da har vi fire med Spelmannsprisen blant medlemmane i Nordmøre spelmannslag! Les meir om Unni og Spelmannsprisen i Tidens Krav!
Konsert Tingvoll kyrkje 18. juni 2011
Nordmøre spelmannslag held laurdag 18. juni kl. 17.00 konsert i Tingvoll kyrkje. I tillegg til dei faste deltakarane, er fleire av medlemmane våre med på konserten:
Gro Kjelleberg Solli, song, Alexey Kurbanov, orgel. Det blir konsert med heile laget, i tillegg til enkeltutøvarar og grupper.
Musikalsk leiar er Helge Husby.
Innspeling til NRK
Innspelinga til NRK i Straumsnes kyrkje laurdag 2. oktober var eit maraton. Men vi greidde det! Takk til enkeltutøvarar og heile laget. Dette trur eg vart så bra som det kunne bli, med så kort tidsfrist, rett etter oppstart på hausten. Somme har ikkje vore med på ei stund, heller, så dette kan vi vere fornøgd med.
Landsskappleiken 2010
Medlemmane våre deltek på kappleik! Det er bra!
Unni Boksasp vann vokal klasse A på Landskappleiken, slik Gro Kjelleberg Solli gjorde for nokre år sia.
Runhild Heggem vart nr. 12 i fele klasse B og nr. 28 i hardingfele klasse B.
Fylkeskappleiken på Åndalsnes 2010
Gruppa Brechans vann klasse gruppespel med komp - senior med 124 poeng - vi gratulerer!
Spelmannslaget vart nr. 3 i Open klasse og nr. 5 med 111 poeng i Lagspel med komp.
Dommarkommentarane for lagspelet var: "Godt slåttevalg med lokal karakter. Reine tonar, karakterfast, men litt for tamt spel, særleg på første slåtten. Kanskje de bør tenkje på betre fordeling av stemmane i arrangementet."
Konsert i Stangvik kyrkje søndag 21. mars 2010
Medlemmar frå Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Nordmøre spelmannslag heldt konsert i Stangvik kyrkje søndag 21. mars.
Aureorganist Alexey Kurbanov spelte orgel til folkemusikken - slik berre han kan! Omkring førti menneske møtte på konserten. Det var ei triveleg stund, der enkeltutøvarar, kor og spelmannslag gjorde programmet til ei stor oppleving - for oss sjølve, og for tilhøyrarane
- etter lovorda å dømme.
Klikk på biletet for større foto og for å lese artikkelen i Tidens Krav 23.03.2010.
Tekst: Eilif Odde - Foto: Anne Evjemo.
Almhjellforestillinga- "Kom hit mine venner"
Nordmøre spelmannslag hadde forestilling om livet til Magnhild og Erik Almhjell laurdag 24. oktober 2009.
Forestilling på Sunndal kulturhus kl. 16.00 og på Meisingset grendahus kl. 20.00.
Det var masse god kritikk av forestillinga vår.
Hilmarfestivalen 2008
Nordmøre spelmannslag var på Hilmarfestivalen på Steinkjer og deltok på spelmannsmønstringa på Dampsaga fredags kveld 7. november, spelte til dans både fredags kveld og til middagsdansen laurdag. Brechan enkes eftf. spelte både på konserten, til dans og ute på kafé i Steinkjer gamle sentrum. Det vart spelt slåttar etter Nils Bakke og Hallvard Ørsal, to av dei store inspiratorane til Hilmar Alexandersen.
Fylkeskappleiken 2008
Nordmøre spel- og dansarlag var representert med desse innslaga:
Nordmøre spelmannslag, lagspel med komp og Open klasse
Delt 1. plass i lagspel med komp
2. plass i Open klasse
Brechans enkes eft.f., gruppespel med komp
2. plass
Unni Boksasp, vokal A-klasse
1. plass
Runhild Heggem, både hardingfele og vanleg fele, C-klasse
3. plass på hardingfele
4. plass på vanleg fele
Olav Lillegård, fele klasse E-D
3. plass
Les meir om kappleiken i Tidens Krav 14.04.08
Fylkeskappleiken 2007 vart arrangert i Tresfjorden. Sjå kappleiksreultata her...
Medlemmar i Nordmøre spel- og dansarlag til topps på Fylkeskappleiken for M&R 2006 i Ålesund 18.-19. mars!
Runhild Heggem vann C-klassen i solo felespel, medan Kirsty McKinnon og Rune Hanem vann dansen, som i fjor. Spelmannslaget vart nr. 5 av totalt ni lag. Dei hadde òg gode plasseringar på Landskappleiken på Beitostølen 2006. Les meir...
Fylkeskappleiken 2004
Samling for born og unge på Tingvoll hausten 2003
Webdesign: Fosna kulturverkstad